Det var ein gong eit brassband som heitte Lalm Musikkforening. Dei var vel forlikte, fann på mykje rart og ha det "så løyle" saman. Men som sjå mange andre lag og foreiningar sat dei og å undra seg over kva dei skulle finne på for å få skaffa seg inntektar til husleie, dirigent, instrument og noter.

Så var det ein dag det kom desse musikantane for øyra at Tor og Inger (Wendt) hadde busett seg "ni Lauvrusten" på Lalm. Tor var kokk av yrke, men det mest interessante var at han og var mangeårleg korpsmusikant og spelte tuba. Dermed gjekk det ikkje lang tid før han vart fast inventar i bakrekka sjå Lalm Musikkforening, mest kjend som Tuba-Tor.

Det skulle etterkvart vise seg at Tuba-Tor var ein engasjert kar som brann for korpset og Lalm. Han vart dermed vald inn i styret, og ga seg med i undringa over økonomien (Alle i styret såg fram til styremøta "ni Lauvrusten", der dei visste at Inger sine fantastiske pizzaboller venta attåt kaffen).

Gjennom arbeid vart Tuba-Tor kjend med Anne Gunn på Ødegaarden Bakeri, og det var dette kjennskapet som gjorde at han byrja leike med ein idé. Ein brøddeig var i emning…

Den fyrste gongen Tuba-Tor presenterte ideen for styret, at korpset burde ha eit eiga brød, hadde ikkje dei andre medlemmane heilt trua. Dei såg vel kanskje for seg at det kom til å bli mykje arbeid med all den brødbakinga.

Eventyret om Tuba-Tor og Brassbrødet. Foto: Tore Furuheim

Andre gongen forsikra han styret om at vi skulle ikkje bake så mykje som eit brød, det var det Ødegaarden Bakeri som skulle gjera, og han kunne fortelja at dei syntes ideen var interessant. Bakeriet og Tuba-Tor jobba så med oppskrifta saman, -det var nemleg viktig for han at brødet måtte bli heilt perfekt. Styret byrja sjå litt ljosare på dette, men var fortsatt ikkje overbevist om at dette var ein god idé. Men Tuba-Tor gav seg ikkje, og tredje gongen var alt på plass. Oppskrift, namn, brødposar, salsutstadar. Han klarte overbevise styret, og 1. desember 2007 var lanseringa av Brassbrød eit faktum. Takka vera Tuba-Tor og Anne Gunn.

Frå nokre år sidan fløtte Tuba-Tor og Inger til Ed i Sverige. Tubaen vart lagt på hylla, men kjærleiken til korps, Lalm og Lalm Musikkforening er sterkare enn nokon sinne. I 2020 fyllte han 80 år og vi ville reise til Ed for å overraske han. Vi sto klare til å gå på bussen da covid slo til og grensene stengde. Reisa vart utsett, men 17. juni i år lykkas vi med å få det til. Med oss på reisa hadde vi instrumentar, 12 brassbrød og Anne Gunn. Innlosjerte på Hotell Dalsland, som blir drive av to artige østfoldkarer, kjende vi på kor godt det var å kunne reise på ting saman att, og vi såg fram til resten av helga.

Ed er ein liten tettstad plassert idyllisk rundt innsjøen Lille Le. Det verkar som ein roleg plass, noko vi skjønte da forbipasserande lurde på om dei som sto å høyrde på da vi spelte utanfor kommunehuset sto i vaksinekø… Tuba-Tor og Inger hadde invitert oss heim til dei om laurdagen. Dei hadde og invitert naboane i burettslaget til hagekonsert med Lalm Musikkforening. Så nå kan vi krysse av for å ha spelt hagekonsert i eit burettslag i Ed.

Gjestfrie som dei er vart vi og inviterte på kaffe og biteti, og trur de ikkje at Inger diska opp med PIZZABOLLER! Vi fekk ei god og lang stund heime sjå Tuba-Tor og Inger, vi fekk mimra godt og ikkje minst fyllt fryseren deira med Brassbrød.

Det vart ein triveleg og minnerik tur for musikkforeininga. Foto: Tore Furuheim

Før avreise søndag fekk vi moglegheita til å spele på messe i Dals-Eds Kyrkja. Ei vakker steinkyrkje med fantastisk akustikk plassert på ei høgde attmed vatnet. Messane i Sverige er rimeleg like her heime, men å synge salmar på svensk var ikkje heilt lett… Uansett fekk vi nok ei fin oppleving, og ekstra triveleg var det å sjå Tuba-Tor og Inger på messa.

Vi er svært glad for at vi fekk til denne turen og for å bli så godt motteke av både Ed og Tuba-Tor, og vi håpar og trur han sette pris på besøket vårt og. Vi er evig takknemlege for at han ikkje gav seg på at Brassbrødet var ein knakandes god idé!

Snipp, snapp snute, så er heldigvis ikkje Brassbrødeventyret ute.