Festervoll tykkjer det er greitt å informere på førehand om det som skal skje i Skjåk tysdag og onsdag denne veka.

– For fjerde året blir det arrangert fagdagar i overflateredning desse to dagane. Her vil ulike brann- og redningsvesen i landet vera samla, hovudsakleg i og langs elva på strekninga mellom Ofossen og Dønfoss. Det vil altså bli ein del aktivitet i elva, som truleg vil skape litt merksemd for forbipasserande. I tillegg vil ein kunne sjå ein del utrykkingskøyrety, seier brannsjefen.

Det er Lom og Skjåk brannvesen, i samarbeid med firmaet Hode over vann AS, som arrangerer fagdagane, der sistnemnde står for det faglege. Hode over Vann har spesialisert seg på øving og kursing av redningspersonell i vatn.

Fagdagane tysdag og onsdag startar om morgonen og held på til utpå ettermiddagen ein gong.

Festervoll fortel at frå Lom og Skjåk brannvesen deltek i underkant av ti personar på fagdagane, anten éin av dagane eller båe dagane. I tillegg deltek mannskap frå andre brann- og redningsvesen rundt om i landet.