Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som gjennomfører undersøkinga på vegne av fylkeskommunen. Undersøkinga blir sendt ut onsdag 10. mai og er tilgjengeleg for svar i tre veker.

I tillegg til generelle spørsmål om livskvalitet, trivsel og helse, er det nokre spørsmål om korleis det er å vera skeiv i Innlandet.

Dette er nytt fra tidlegar folkehelseundersøkingae som er gjort i Hedmark og Oppland.

Tilfeldig utval

Det er eit såkalla representativt utval som blir invitert til å svara, til saman 80.000 personar. Det betyr at deltakarane blir trekt tilfeldig frå Folkeregisteret. Alle personar over 18 år som har bustadsadresse i Innlandet kan få invitasjon.

Dei som blir trekt ut, får ein SMS eller e-post med invitasjon til å delta i. Dei som ikkje er registrert hjå Digitaliseringsdirektoratet med telefonnummer eller e-post, får undersøkinga i posten.

Personopplysningar

Alle opplysningar deltakarane gjev, blir behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte attkjennande opplysningar.

Resultata blir berre presentert på gruppenivå og aldri på individnivå.

Betre tenester

Informasjonen som blir samla inn vil gje ny og lokal kunnskap om korleis innbyggjarane sjølv opplever eigen livskvalitet, trivsel og helse. Denne kunnskapen blir delt med politikarar og tilsette i kommunen for å gje betre og meir relevante tenester.

Kvar enkelt kommune vil kunne få informasjon som er relevant for seg, for å kunne sjå kva utfordringar dei har i sin kommune.

Gåvekort

Alle som svarar på undersøkinga, er med i trekninga av gåvekort. Ti tilfeldige vinnarar får gavekort på 2.500 kroner.

(Pressemelding)