Arbeidet med å varsle pårørande i kvinnas heimland pågår, og ein bistandsadvokat vil bli oppnemnd av tingretten.

Politiet har gjennomført avhør av tilsette ved hotellet og dette held fram måndag. Samtidig pågår det fortsatt tekniske undersøkingar på staden.

Den sikta blir ivareteken av helsevesenet, og politiet vil i løpet av måndag begjære mannen varetektsfengsla. Politiet har bede om fire veker, to av disse med brev- og besøksforbud.

Politiet har ikkje avhøyrt mannen og har ikkje fleire opplysningar å gå ut med. Den førebelse obduksjonsrapporten vil kunne si noko om dødstidspunkt og dødsårsak.

Både den drepne og den sikta var tilsette på hotellet.

Tematikken med voldsalarm er ikkje relevant i denne hendinga.

(Pressemelding)