– Målet er å gjenopprette alle samband og gjera vegane så godt framkomelege som mogleg før vinteren, seier seksjonssjef Arne Fredheim i Innlandet fylkeskommune.

Noko asfaltering må vente

Nokre vegar har fått skadar som kan reparerast raskt. Verre er det der heile vegen har rasa ut. Det tek også lang tid å reparere bruer som har flytta på seg, eller er heilt borte.

– Det er viktig å få gjort mest mogleg før vinteren set inn. Nokre vegar rekk vi ikkje å asfaltere ferdig før til neste år. Der vil vi i så fall gjennomføre mellombelse tiltak, slik at vegane likevel blir farbare, seier Fredheim.

Brukar gjeldande kontrakter

Fylkeskommunen byggjer opp att vegane etter ein heilskapleg plan, og ser område og oppgåver i samanheng. Det er viktig å bruke maskiner, personell og pengar så effektivt som råd.

– Vi brukar dei kontraktane vi har med entreprenørar som jobbar med drift, vedlikehald og dekkelegging for oss, når vi skal reparere vegane. Viss desse entreprenørane ikkje har nok folk til å ta ekstra oppdrag som skuldast ekstremvêret, kan dei få hjelp av firma med ledig kapasitet, forklarar Fredheim.

Store kostnader

Så langt er oppryddinga etter ekstremvêret rekna til å koste cirka 750 millionar kroner. Beløpet kan auke. Nye skadar blir oppdaga når vassføringa i bekkar og elver går ned, og vegane turkar opp.

– Det vil truleg koste rundt 750 millioner å reparere vegane, utan å legge inn tiltak som gjer dei meir flomsikre. Ideelt sett bør vi heve standarden på fleire utsette punkt, for å unngå at vegane blir øydelagt att, når vi får nye periodar med styrtregn eller langvarig nedbør, seier Fredheim.

– Trenger statlig hjelp

Leiar i hovudutval for samferdsel, Stein Tronsmoen (Sp), er bekymra for korleis Innlandet fylkeskommune skal finansiere arbeidet med å reparere over 100 fylkesvegar, som har fått skadar på over 180 stader.

– Vi har eit stort etterslep på vedlikehald av fylkesvegar i Innlandet. Nye berekningar viser at det vil koste 7-8 milliardar kroner å ta att dette forfallet. I tillegg får vi nå ein stor kostnad i samband med skadane som ekstremvêret har påført vegnettet, seier Tronsmoen.

Han forventar at staten vil hjelpe til med å dekke desse ekstra utgiftene, og helst gjera Innlandet betre rusta til å gjera noko med forfallet på fylkesvegane generelt.

Oversikt over stengte fylkesvegar i Ottadalen etter «Hans» per 31. august:

Fv. 51 over Valdresflye – heilt stengt ved Randen i Vågå. Kan bli opna til helga.

Fv. 2616 Sjårdalen i Vågå – stengt for gjennomkøyring i lengre tid.

Fv. 2640 Nedre Nordheradsveg i Vågå og Lom – stengt for gjennomkøyring, men køyring til eigedomane er mogleg.

Fv. 2632 Skogbygdvegen i Vågå – kun open for mindre køyretøy og tyngre køyretøy med dispensasjon.