Hilde Aarvik har jobba i kreftomsorgen i tretti år. Foto: Kari Margot Odnes

Kreftkoordinatoren i Vågå og Sel:– Eg har elska å gå på jobb kvar dag

Som sjukepleiarstudent fekk Hilde Aarvik (53) panikk da ho i ei loddtrekning fekk medisinsk praksisplass på kreftavdelinga. Det var noko ho absolutt ikkje ville. I dag, tretti år seinare, er denne jobben «hjartebarnet» hennar.