Fem heldige Lotto-spelarar hadde sju rette laurdag kveld. Dei fekk 2.845.810 kroner kvar.

Ein av dei heldige er ein mann frå Vågå, kan Norsk Tipping opplyse.

Mannen har akkurat kjøpt seg hus, kunne han fortelja da Norsk Tipping ringde i kveld. Han var på jobb da han fekk den glade telefonen.