«Bortfall av EKOM i Vågå og delar av Lom kommune», opplyser Lom kommune i ei melding torsdag ettermiddag.

Telenor kunne klokka 13.40 torsdag melde om eit større bortfall av mobildekning og breiband i Vågå kommune og i ein mindre del av Lom kommune.

Telia og ICE har problem med mobildekninga i same område.

Årsaka til bortfallet skuldast fiberfeil, og entreprenør er rekvirert for feilretting. Det er estimert at trafikken er attende cirka klokka 20 torsdag kveld.

Vågå kommune opplyser at dei har plassert ut naudnettsradio på Bessheim og på Skjellhaugen i Randsverk (Hans Petter Bakke).