Fredag og laurdag er det fleirkulturelle og friviljuge Norge saman om årets sprekaste arrangement; til Topps i Lom.

Det er Norges Røde Kors som arrangerer Til Topps i samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) og Den norske Turistforeining (DNT).

Det er åttande gongen at Til Topps blir arrangert. Over sju tusen menneske frå mange ulike nasjonar har desse åra vore med til topps på Galdhøpiggen, Norges høgaste fjell.

Årets arrangement samlar 1.400 deltakarar.

I finveret fredag kom mange til topps på «piggen». Laurdag er det spådd dårleg vêr og turar til Galdhøpiggen er avlyst. Men deltakarane får mange andre alternative turar å velje mellom.

Fredag kveld var det kulturfest og stor stemning i Presthaugen. Kulturfesten er ein folkefest med ulike aktivitetar for alle aldrar, servering av mat, konsertar og musikk.

Kulturfesten i Presthaugen fredag kveld var ein folkefest. Foto: Arve Danielsen