Ein personbil køyrde av vegen aust for Byrbergtunnelen i Vågå ved 9-tida onsdag morgon.
Ingen kom til skade ved uhellet.
Politiet melder om glatt vegbane på staden.
Det er i det heile grunn til å advare mot stadvis glatte vegar i heile Ottadalen, særleg morgon og kveld.