Russen i Lom var godt i rute da Fjuken var innom for ein stemningsrapport i helga. Tysdag kveld er det premiere på russerevyen «Lomsrussen-Tilbake til russetiden», og berre nå i helga har russen lagt bak seg heile 19 timar med øving.

Med seg på laget har Lomsrussen instruktør Endre Skjåk.

– Dette er ei stor framsyning med mykje folk, og mange bitar som skal på plass. Akkurat nå er det så kaotisk som det skal vere, sa instruktøren ved høgst dag laurdag.

Årets russerevy er ei framsyning for alle, og i fylgje Endre Skjåk treng ein ikkje å kjenne ein einaste russ for å ha utbytte av revyen.

– Dette skal bli eit jælma fint show med mykje musikk. Mange forbitt automatisk ein russerevy med undertøyshumor. Sjølvsagt skal det vere og er litt av det, men ein del av innslaga i årets russerevy er ikkje meint å vere artige, men har eit viktig bodskap, seier Skjåk.

Han oppmodar folk om å ta turen til Utgard for å få med seg revyen til årets russekull som er 38 i talet.

Premieren på «Lomsrussen-Tilbake til russetiden» er altså tysdag kveld. Russen har også framsyning torsdag, fredag og laurdag.

Aldri tidlegare har russen seld så mange billettar på førehand som i år. Vil du sikre deg ein billett til éin av kveldane, må du vere rask. Da vi sjekka måndag ettermiddag, var det att berre i underkant av 100 billettar for sal, fordelt på dei fire framsyningane. Når ein ser responsen på billettsalet, kan mykje tyde på at det blir ekstraframsyningar for russen ...