Tor Bruland, som driv Skjåk Hytteservice, bur saman med kona på Grotli - lengst vest i Ottadalen. Det er venta ekstremt sterk vind utover efta og kveld fredag, men Tor veit råd for å passe seg for vêret med same namn som han sjølv.

– Det er berre å halde seg inne. Det er ingen som har noko ute å gjera viss det blir slik vind det er meldt, seier han. Det er rett og slett ikkje råd.

Han seier elles at dei tek det som kjem i hyttefeltet i Grotli.

– Det har nå vore vind her før òg, seier han roleg.

Tor Bruland kan fortelja at det er folk i iallfall èi av dei mange hyttene i feltet.

Fredag føremiddag fortel Tor Bruland at vêret på Grotli er fint. Det kan vera stille før stormen.

Fylkesmannen i Oppland er i beredskap, og har sett i gang tiltak.

– Ekstremvêret «Tor» gjer at det frå fredag efta kan ventast kraftig vestleg vind. Lokalt kan det koma vindkast på 35-45 m/s, heiter det på heimesida til Fylkesmannen.

Vinden kan bli langt sterkare enn «Dagmar», som ramma i 2011.

Fylkesmannen kjem med fylgjande råd:

  • Det er mogleg at straum og/eller telefon/internett blir borte i periodar. Lommelykt med nye batteri, stearinljos og ved bør vera lett tilgjengeleg.

  • Den enkelte bør halde seg inne så langt det er mogleg og sikre/rydde i eiget lausøre. Plasser bilen i garasjen.

Er ein i naud, kan ein nå hjelp ved å ringe 112, sjølv om mobilnettet er nede.

Slik ser det ut ved Grotli fredag føremiddag. Foto: Webkamera Skjåk Hytteservice