Det nye organisasjonskartet i Vågå kommune er klart etter at rådmann Ådne Bakke sluttar i kommunen.

Ådne Bakke som har vore rådmann i tre år, har sagt opp og skal byrja som rådmann i Øyer kommune. Kommunalsjef Jan Egil Fossmo er konstituert som rådmann inntil det blir tilsett ein ny.

Synnøve Vistekleiven er konstituert som kommunalsjef medan Fossmo fungerer som rådmann. Ho vil ha helse og omsorg som sitt ansvarsområde.

I tillegg er kommunalsjef Pål Inge Sanden med i leiartrioen i Vågå kommune. Han vil vikariere som rådmann når Fossmo er borte.