130 lette køyretøy vart kontrollert for bruk av bilbelte, fem personar fekk gebyr for manglande bruk.

23 køyretøy vart innvinka for teknisk kontroll. Dette resulterte i fem skriftlege tekniske manglar og nokre munnlege på grunn av ljosfeil.

Eit køyretøy fekk bruksforbud og vart avskilta på grunn av manglande utført periodisk køyretøykontroll (EU-kontroll). Ein varebil vart vogen for tung og fekk bruksforbud til avlastning hadde skjedd.