– Det er tydeleg at ikkje alle hundeeigarar har fått med seg at det er bandtvang, seier lensmann Jonny Gundersen i Skjåk.

Frå og med 1. april til og med 20. august gjeld den generelle bandtvangen her i landet.

– I denne perioden skal du ha hunden din i band, uansett, seier Gundersen.

Dette er fyrst og fremst for å beskytta vilt i yngletida.

– Hugs at det også finst folk som er redd hundar. Da er det ikkje særleg triveleg at det kjem ein laus hund bort til vedkomande etter vegen, seier lensmannen i Skjåk.

Han fortel at sett på spissen, så kan ein faktisk risikere at ein laus hund må avlivast, sjølv om han ikkje går til angrep.

Oppmodinga frå politiet er klar: Respekter bandtvangen. Hugs også at regelen for hundehald er slik at du alltid skal ha kontroll på hunden din, også utanom bandtvangperioden.