Vi gjev i år opp forsøket på å finne den ultimate aprilsnarren, men let sjåarane heller få ta del i ein av våre beste interne spøkar.

I Fjuken er vi nemleg ikkje så nøye med datoen, slik som i februar 2014 da Einar Gelius vart tilsett som sokneprest i Lom. Dette var sjølvsagt ei stor nyheit som vi publiserte på nettsida vår.

... Da ringte «Einar Gelius» til journalist Vigdis Kroken.

Treng det nemnast at Kroken er lettlurt og at Solstad («Einar Gelius») for ti år sidan vann ein uhøgtideleg imitatorkonkurranse i NRKs Norgesglasset?