14. september er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Frå og med måndag 10. august til 11. september kan ein førehandsstemme.

I Vågå kan ein førehandsstemme ved servicetorget på kommunehuset, Lom ved servicetorget på Midtgard og i Skjåk ved servicetorget på kommunehuset.

Det skal også vere val på institusjonane. På Vågåheimen vil det vere mogleg å stemme måndag 7. september, ved Lom Helseheim og på Skjåkheimen tysdag 8. september.

Ein kan førehandsstemme i kva kommune som helst i landet. På valdagen må ein stemme i den kommunen ein står oppført i manntalet per 30. juni 2015. Har ein meldt flytting etter 30. juni, står ein framleis i manntalet i den kommunen ein har meldt flytta frå.

Om ein ikkje har fått tilsendt valkort, kan grunnen vere at ein ikkje har meldt adresseendring etter flytting.