Eit fullsett Vågå kulturhus fekk oppleve over to timar med god gammaldansmusikk under mimrekonserten fredag kveld. Her var det samla tidlegare vinnarar av Vågåfatet og andre grupper som har vore sentrale i Vågåtreffen si historie.

Sentrale i starten av både Vågå trekkspelklubb og Vågåtreffen var Asmund Karusbakken, Asbjørn Letrud, Stein Haugen, Kåre Holshagen og Jørgen Stasviken.

Desse vart heidra under konserten ved at det vart spela leiker dei har laga.

Jutullaget med Jon Amund Karusbakken spela «Hilsen til Randsäter» av faren Asmund Karusbakken. Og det var der i Ransäter at Karusbakken fekk ideen til ein trekkspeltreff i mindre målestokk for 40 år sidan.

Les meir om Vågåtreffen i avisa.