I Skjåk trassa ein hardbarka gjeng det hustrege vêret og tok turen opp til Krossen, heilt aust i bygda.

Her vart det gjort opp bål, og skote opp rakettar.

Også i lier og på toppar rundt bygda var det bålbrenning og fyrverkeri, i tillegg til det vanlege «artilleriet» nede i dalen.

Klokka 00.30 er det ikkje meldt om særskilte hendingar i Ottadalen.

Fjuken ynskjer alle det beste for det nye året.