Uvêret ser ut til å treffe eit større område enn det meterologane fyrst trudde. Vinden kjem fyrst frå sørvest, men dreiar og kjem etterkvart frå vest. Uvêret har fått namnet «Tor», og det er meldt at heile ni av landets fylke kan bli ramma av ekstremvêret.

Meterologane samanliknar Tor med orkanane Dagmar og Nina.

Varselet er nettopp det det er: Eit varsel. Det kan kome endringar.