Laurdag var det kretsmeisterskap (KM) i langrenn sprint i Øverby idrettspark på Gjøvik.

Fleire av lomværane som deltok gjorde det svært bra i meisterskapen, der mange av dei beste skitalenta frå Oppland er representert.

Ola Aurmo vann klassa 14 år, og vart dermed kretsmeister. Jo Mallaug gjekk inn til ein andreplass i same klasse.

I klassa 16 år vart Reidar Aurmo nummer to, og i klassa 15 år kom Emma Mallaug på ein fjerdeplass.