Snø er synonymt med ski, og sundag vart dei fyrste spora rundt Lemonsjøen køyrt med snøskuter. Løypa mot Slombsetrene vart køyrt med maskin.

Mange nytta høvet til å prøve skiene i finveret sundag.

– Dette var fyrste turen på ski denne sesongen. Eg har kosa meg, sa Anne-Mari Sandvær, vertinna på Kalven seter. Ho hadde gått frå parkeringsplassen ved Lemonsjøosen, til Valdesetra og attende.

Anne-Mari Sandvær var ein av mange mosjonistar som prøvde skiene denne sundagen. Men det var også skiløparar med større ambisjonar enn berre å koma seg ut i frisk luft.

Brørne Steinar og Bjørn Georg Riksaasen satsar på skiidretten. Steinar er skiskyttar, medan Bjørn Georg satsar på langrenn.

Dagen før, hadde dei vore på treningstur i løypene på Dombås. Men så fort det er skispor ved Lemonsjøen, er det dit dei gjerne reiser når dei er heime i Vågå.

Steinar går idrettsvitskap ved Høgskulen på Lillehammer, medan Bjørn Georg går fjerde året på idrettsgymnaset i Meråker.

Dei to brørne fortel at det går fint å kombinere idrett og studiar.

– Eg har toppidrettsstatus gjennom høgskulen slik at det blir teke omsyn til det å drive idrett og studiar, seier Steinar. For Bjørn Georg som går idrettsgymnas, går studiar og idrett i same spor.

– Det er godt å gå ved Lemonsjøen. Det er fin løypeprofil, seier Bjørn Georg.

Såpass tidleg i skisesongen er det ein del kvist i løypene her og der, og fare for at det er blautt ved myrar og bekker. Dei to skibrørne gjekk på gamle ski.

– Vi anbefaler alle å ta ein tur ut på ski, sa Steinar og Bjørn Georg, før dei la avgarde ut i løypene.

Bjørn Georg og Steinar Riksaasen trenar i løypene ved Lemonsjøen når dei er heime i Vågå. Foto: ARVE DANIELSEN