Den siste tida har fleire kontakta Fjuken og kan fortelja om at dei har blitt utsett for svindelforsøk i meldingstenesta til Facebook: Messenger. Framgangsmåten er lik, ein får melding frå nokon ein kjenner/har på vennelista si, med spørsmål om å vidaresende ei kode som dukkar opp på mobilen. I meldinga står det at det gjeld eit lotteri.

Det som faktisk skjer, er at den du får meldinga frå allereie har blitt svindla, og har ikkje lenger kontroll over facebookkontoen sin. –Og koda du blir bedd om å vidaresenda er akkurat det svindlarane treng for å gjera det same med deg: Ta i frå deg facebookkontoen. Vidare kan du bli frårøva bankkontonummer og annan informasjon svindlarane treng for å lura til seg pengar. Dersom du får slike meldingar frå folk du kjenner, IKKJE svar på meldinga: Ring heller den du har fått meldinga frå og fortel kva som har skjedd!

Facebook si hjelpeside for deg som mistenker svindel