Dei siste åra har sal av kalender vore den viktigaste inntekta for Lom knipsarlag. Kalenderen tek for seg ulike tema kvart år, denne gongen er det historiske bilde frå det rikhaldige arkivet som er i fokus. Kalenderen er lagt ut for sal i daglegvarebutikkar i Lom, ein kan og ta kontakt med Lom knipsarlag direkte om ein ynskjer seg kalender. Den fotoglade gjengen har ikkje berre fokus på det gode bildet: dei er og på jakt etter fleire medlemar. Likar du å ta bilde, er du hjarteleg velkomen i klubben!