Laurdag kveld kunne ottadølar vera vitne til eit vakkert nordlys over dei tre bygdene våre.

Fekk du fanga nordlyset over Ottadalen på kamera, og vil dele motivet med Fjuken sine lesarar? Send oss bilde på e-post da vel, til redaksjon@fjuken.no.

Du kan også dele nordlysbilda dine med Fjuken via Instagram, ved å bruke emneknaggen #fjukenavis.

Skriv gjerne kvar bildet er teke, og hugs namn på fotograf.

Vi legg ut eit glimt av lesarane sine nordlysblinkskot her på fjuken.no i løpet av sundag. Vi trekkjer også ut eit par fotografar som får ei overrasking frå Fjuken i posten.