Det melder Innlandet fylkeskommune. Fjellovergangen har vore vinterstengt sidan 27. desember, men fyrstkomande fredag opnar altså den populære turistvegen.

Vegen blir nattestengd mellom klokka 20 og 08 ei tid framover. Ved uvêr, kan vegen bli stengd på kort varsel.

– Det er normale snømengder i fjellet langs fylkesveg 51 i år. I snitt er brøytekantane rundt 1,5 meter høge, men dei høgaste er på fire meter. Arbeidet med å brøyte opp den vinterstengde vegen har gått etter planen og vegen kan opnast til påske. Det ser ut til å bli gode tilhøve på Valdresflye i palmehelga, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune

Han oppmodar trafikantene om å følgje med på skilting og parkere slik at dei ikkje hindrar trafikken.

Veret kan snu seg raskt så høgt til fjells, og da kan vegen bli stengd. Dersom ein er i tvil om det er trygt å ferdast over Valdresflye bør ein difor følgje med på vêrvarselet og sjekke vegmeldingane frå Statens vegvesen.

I snitt er brøytekantane over Valdresflye rundt 1,5 meter høge, men dei høgaste er på fire meter. Foto: Håvard Ødegård/Innlandet fylkeskommune