– Snart får vi resultatet av ni månaders valkamp, det er liksom som å gå opp til eksamen, sa listekandidat Håvard Krogstad Berger til Fjuken da lokalavisa var innom valvaka på Bispen Camping i Bismo klokka 1945 måndag kveld.

Også ordførarkandidat Elias Sperstad var tydeleg spent. Han kjente spenninga på kroppen, sa han.

I Skjåk har valet 2015 kanskje meir enn noko anna vorte eit skuleval; anten 1-10 skule i Bismo, eller felles barneskule i Nordberg.

Før resultatet kjem rundt klokka 21, er det nok fleire spente kandidatar rundt omkring på valvaker i Ottadalen.