Sist laurdag, presis klokka 10.00, stod det tre blide jenter og venta på fyrste «innrykk» av vitelystne turistar.

Det er nystifta Visit Jotunheimen AS som står bak turistinformasjonen på Coopen.

– Vi har tre svært dyktige damer som skal arbeide her i sommar. Det er Ragnhild Snerle frå Lalm, Ellinor Fosstuen frå Skjåk og Eldri Bjørnstad Kolden frå Lom, seier Martine Hårstad, dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS.

Turistinformasjonen på Coopen skal vera open kvar dag. Enkelt sagt er turistinformasjonen open dersom Coopen er det.