Innlandet politidistrikt melder laurdag ettermiddag ved 15.30-tida at Røde Kors har funne dei to personane som var ute på skitur mellom Memurubu og Glitterheim, som mista den stikka løypa.

Det norske paret vart funne av redningsmannskapet på Stygghøbreskaret, melder politiet.

Paret skal vere i god behald og blir frakta ned att frå fjellet.