Det hender ting går på tverke i ei travel førjulstid.

På tverke har det iallfall gått for distribusjonen av Fjuken tysdag. Avisa vart trykt måndag og henta på trykkeriet - sidan har ingen sett ho. Fjuken dukka iallfall ikkje opp hjå postomdelinga på Otta tysdag morgon.

Det blir jobba på spreng med å lokalisere pakkene med Fjuken.

Vi satsar på at alle får lokalavisa si før jul!