2,5 kilometer av fylkesveg 454 - Øvre Nordheradsveg er under utbetring. Vegen skal utbetrast punktvis frå Visdalsberget og ned til Sandes.

– Det er øvst opp i at vegen er dårlegast. Der er det omtrent ikkje bereevne, seier Henning Garmo i Statens vegvesen.

Arbeidet starta for fire veker sidan ved Visdalsgardane. Det skal leggast nye stikkrenner, skifte ut masse for at vegen skal få betre bereevne, og vegen skal bli breiare.

Arbeidet med vegen skal vere ferdig til midten av juni neste år. Entreprisen er rekna til 11,5 millionar kroner. Det er Kristian Gården og Søner som har arbeidet.

I samband med vedlikehaldet av vegen, blir vegen stengt veke 44 og 45, frå 31. oktober til 11. november. Vegen vil vere stengt i tidsrommet 08.00 - 13.30 frå måndag til fredag.