Det er under fredagens sending av «God morgen Norge» på TV 2 at Mediehuset Fjuken skal vera med.

Jamleg har det direktesendte aktualitetsprogrammet lokalavisrunder, der dei tek ein prat med redaktørar og andre tilsette i lokalaviser rundt om i landet, for å høyre om aktuelle saker og andre ting avisa og innbyggjarane er opptekne av.

Torsdag vart redaktør Hans Erik Kjosbakken kontakta av redaksjonen i «God morgen Norge», som inviterte Fjuken til å vera med i sendinga fredag.

«God morgen Norge» har fleire hundre tusen sjåarar kvar dag og Kjosbakken tykkjer sjølvsagt det er stas at Fjuken skal få syne seg fram på riksdekkjande tv.

– Det er klart det blir kjempestas å kunne fortelja kva ottadølane er opptekne av for tida, og plassere Vågå, Lom og Skjåk for heile Noreg. Kunne gjerne tenkt meg ein halvtime eg, for å reklamere for bygdene våre, seier redaktøren, som trur han kanskje får vel knapp tid til marknadsføringa av Ottadalen.

Fjuken blir med på sendinga frå Bismo via videolink. I fylgje «God morgen Norge» sin stramme sendeplan skal Fjuken «på lufta» klokka 09.20 fredag.

Sendinga ser du på kanalen TV 2 Direkte eller på straumetenesta TV 2 Play.

Programleiarar fredag er Vår Staude og Peter Bubresko.