– Tryggleiken kjem fyrst, seier fylkesordførar Even Aleksander Hagen til at dei to fylkesvegane ikkje blir opna til påske.

Fylkesutvalet har vedteke at fylkesveg 51 Valdresflye skal vere vinterstengt frå 15. desember til 1. april. Det betyr at vegen i år blir opna til helga etter påske.

Fylkesveg 55 Sognefjellet skal vere vinterstengt frå 10. november til 1. mai.

Turistbedrifter og Lom kommune har søkt om at vegen blir opna frå Rustadsæter til Krossbu innan påska 2016. Slik blir det ikkje etter vedtaket i fylkesutvalet.

I påska i fjor var vegen open til Krossbu. Statens vegvesen kallar tidleg opning av vegen for ressurskrevjande, og at det er utfordrande å garantere sikker ferdsel på strekninga.

Statens vegvesen vurderer totalkostnaden for ekstraordinær opning av fylkesvegane 55 til Krossbu og 51 Valdresflye til om lag 1,85 millionar kroner.

Fylkesveg 55 blir ikkje opna til Krossbu til påske. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV