Statens vegvesen melder måndag at fylkesveg 51 over Valdresflye er stengt. Vegen vart stengt rundt klokka 12 og skuldast uvêr.

Også fylkesveg 55 over Sognefjellet vart stengt grunna uvêr måndag morgon, men vart opna att for trafikk ved 10-tida. Rett før klokka 14 vart fjellovergangen stengt att grunna uvêr.

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingane via Statens vegvesen sine nettsider.