Svaret får du på TV 2 tysdag denne veka, altså i kveld.
For nokre veker sidan var det premiere på humorserien «Truls – oppdrag Norge». Gjennom hausten får vi kvar veke vere med tv-profilen Truls Svendsen på ulike oppgåver og utfordringar i alle landets fylkar.
I episoden som går på TV 2 i kveld, tysdag, får vi mellom anna sjå Truls Svendsen prøve seg som meisterkokk på Vianvang hjå Arne Brimi. Der får nemleg tv-profilen i oppgåve å lage middag til 40 gjestar.
Kjenner vi Brimi og Svendsen rett så vil det ikkje mangle på sjalottlauken ...
«Truls - oppdrag Norge» ser du på TV 2 klokka 20.00.
Episoden blir også sendt onsdag klokka 23.40, laurdag klokka 15.30 og sundag klokka 19.00.