Måndag var fire personar av utanlandsk opphav innom Coop Marked på Lalm. Ein av desse sneik seg bak disken og tok med seg 34.000 kroner frå kassa til Posten.

Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 13.40 måndag.

Dei fire personane er fanga opp av kamera, som nå politiet studerer nærare. Politibetjent Joacim Fjeldstad ved Ottadalen lensmannskontor fortel at to av dei tre mennene var cirka i 30-årsalderen, den tredje mannen i cirka 40-årsalderen. I tillegg var det ei kvinne.

– Vi vil ta kontakt med eventuelle vitner, seier Fjeldstad. Han oppfordrar dei som eventuelt har sett noko på Lalm denne tida, om å ta kontakt.

Det er ingen som politiet så langt har prata med, som har sett nokon bil dei fire køyrde. Politiet er også interessert i tips om nokon har sett denne.