Tysdag vart opplagstala for norske aviser og media lagt fram.

Fjuken hadde i 2015 eit opplag på 3.674. Dette er ein nedgang på berre 2 eksemplar, samanlikna med året før da opplaget var 3.676.

– Vi er svært godt nøgde med tala. Vi vil halde fram det gode arbeidet med å engasjere lesarar både på papir og nett, seier redaktør Hans Erik Kjosbakken.

Opplagstala for 2015 viser at lokalavisene framleis er sterke, trass opplagsnedgang.

Når det gjeld lokalavisene i Gudbrandsdalen var det berre Dølen som hadde ein auke i opplaget i fjor. Lokalavisa for Midt-Gudbrandsdalen hadde i 2015 eit opplag på 3.851 eksemplar, ein auke på 12.

Lokalavisa Vigga hadde eit opplag på 2.186 eksemplar, ein nedgang på 3, medan Norddalen hadde eit opplag på 2.731 eksemplar, ein nedgang på 14. Regionavisa Gudbrandsdølen Dagningen hadde i 2015 eit opplag på 21.438 eksemplar, ein nedgang på 1.005.

– Vi veit at det er spennande tider i mediaverda, og sjølv om dei fleste opplever nedgang på papir, står lokalavisa sterkt, også på denne såkalla plattforma, seier Fjuken-redaktør Hans Erik Kjosbakken.