Kronprins Haakon sitt besøk skjer i samband med opninga av utstillinga «Over isen - funn frå isen viser veg» på Norsk Fjellmuseum, og opning av ver- og formidlingsstasjonar i Mímisbrunnr Klimapark.

Utstillinga med tema ferdsel over fjellet syner mange av dei originale brearkeologiske funna og fokuserer på samanheng mellom menneske, natur og klima i eit langtidsperspektiv. Det er fleire nye funn i denne utstillinga, mellom anna ei heil ski med bindinga intakt, 1300 år gamal, den einaste i sitt slag i Noreg. Ein rekonstruksjon av «Kjortelen frå Lendbreen», det eldste klesplagget i Noreg, skal også stillast ut.

I 2006 starta dei brearkeologiske funna å smelte ut av isen i høgfjellet, fleire av funna er frå Juvfonna.

Klimapark 2469 AS som vart stifta i 2011 av Oppland Fylkeskommune, Lom kommune og Norsk Fjellmuseum, har saman med andre aktørar starta etablering av eit forskings- og formidlingsområde for natur, klima og kulturminne i eit område dei fleste kan besøke. Mykje av anlegget er universelt tilrettelagt.

H.K.H. Kronprins Haakon skal i samband med sitt besøk opne nye vær- og formidlingsstasjonar i dette området.

Under besøket på Norsk Fjellmuseum og i klimaparken vil fokuset vera på dei brearkeologiske funna, klima og klimaendringar og formidling av dette til besøkande der skuleelevar og studentar er den viktigaste målgruppa. Klimaforskarar og arkeologar blir med på turen i klimaparken, og eit besøk i istunellen blir eit av høgdepunkta i tillegg til Kjelbreen, eit fantastisk utsiktspunkt mot ein kalvande bre.

7. klasse frå Loar skule skal vera med på heile opplegget. Klassa har arbeidd med prosjekt knytt til det dei har opplevd i klimaparken og på fjellmuseet, noko dei vil formidle denne dagen.