Ved høgst dag laurdag blir det høg kjendisfaktor i Mo'om.
I samband med innspeling av ein fjernsynsserie i Vågå og nærområdet, blir det gateløp med konkurranse mellom 6 idrettsprofilar i sentrum.
Her deltek Vågå sin eigen André Villa i duell med fem andre personar, kjent frå ulike idrettsgreiner.
Dei skal konkurrere på rulleskøyter. Så spørst det da om olympiameister Johan Olav Koss taklar dette, eller om Villa har ein fordel når det går på hjul.
Tora Sandbu, sektorleiar for kultur og næring i Vågå kommune, oppfordrar folk til å møte opp i god tid for å sikre seg ein god tilskodarplass for å heie på Villa.
Det heile vil skje i området Veistadhjørnet kafe/Vågå kommunehus/Expert.