133 små og store skiløparar fullførte Påskesprinten på Grotli skjærtorsdag.
Sol frå blå himmel og vindstille gjorde dagen til ein draumedag i påskefjellet.
For mange utfløtte lom- og skjåkværar er Påskesprinten årets høgdepunkt. Dette er dagen ein treffer slekt og gamle vener.
Thomas Bråten har ikkje budd heime i Skjåk sidan midt på 1990-talet. I dag bur han i Osterøy ved Bergen, og stilte trufast opp på Påskesprinten med familien.
– Det er viktig å vere med på Påskesprinten. Her får ein treffe mange kjente fjes, sa Bråten.
Også Brit Torill Haugen som i dag bur på Kolsås, kosa seg saman med familien på Grotli.
– Vi er mange som treffest her på Påskesprinten, sa ho.
Årets utgåve av Påskesprinten var nummer 55 i rekkja. Påskesprinten gjekk i alle år ved Nysetra, men vart flytta til Grotli for fem år sidan.
- Vi er godt nøgd med samarbeidet med Grotli høgfjellshotell, sa Ragnhild Eide Taraldsrud i Skjåk idrettslag som arrangerer skirennet.
- Det er positivt at Påskesprinten er kome hit. Det er flott at tradisjonen med skirenn skjærtorsdag blir halde ved like. Å gå på ski er ikkje gammaldags, sa Are Bergheim som var speaker.
Blant dei mange som stilte til start, var veteranen Sigvald Øyberg.
- Eg deltok for fyrste gong på Påskesprinten i 1963, sa Øyberg.
Han kunne fortelje om storløpet i 1968, der Babben Enger Damon deltok. Ho gjekk på det norske laget som vann gull på 3 x 5 kilometer stafett under OL i Grenoble det året.
Sigvald Øyberg fortalde også at heidølane Erling Steineide og Reidar Bekkemellom deltok. Heidal vann dette året sitt fyrste av tre NM i stafett.
Du finn resultatlista for Påskesprinten 2018 her.