– Artig å vinne på heimebane, sa Olav Opsanger frå Jetta Luftsportsklubb.

Laurdg tok han sin sjuande NM-tittel i hanggliding.

Fredag sette han ny rekord i distanseflyging i samband med NM. Opsanger var ein av to pilotar som flaug frå Vågå til Elverum, ei distanse på 175 kilometer i luftline.

Laurdag vart det floge frå starten på Vole i Vågå, tur/retur Otta. Sterk motvind skapte utfordring for pilotane. Opsanger vart her nummer tre, men dette var nok til å sikre NM-tittelen.