Det var ein historisk kveld i Vågå kulturhus tysdag. Da var det nemleg for aller fyrste gong utdeling av Talentstipend frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, til unge lokale talent innan idrett, kultur og kunst.

Administrerande banksjef Unni Strand fortel at generalforsamlinga i mars vedtok at banken i tillegg til den årlege gåveutdelinga, skal dele ut talentstipend til ungdom mellom 15 og 25 år.

Alle søkjarane og andre var invitert til kulturhuset, der stipend-vinnarane vart kunngjort. Det var ingen som visste kven som fekk stipenda før vinnarane ein etter ein vart ropt opp på scena.

Sparebank 1 Lom og Skjåk fekk inn heile 40 stipendsøknadar og juryen har hatt ein vanskeleg jobb med å plukke ut vinnarane som vart kunngjort i kulturhuset tysdag kveld.

– Det er utruleg mykje flink ungdom, og stor variasjon i kva dykk driv med. Det har vore heilt utruleg å sjå gjennom søknadane kor mange talent vi faktisk har i dalen. Og som ein lokal aktør er det på sin plass at vi gjer stas på dykk og hjelper mange av talenta vidare på vegen, sa banksjef og jurymedlem Unni Strand.

Ho understreka at alle 40 søkjarane er talent sjølv om dessverre ikkje alle kunne få talentstipend tysdag.

Heile 360.000 kroner vart delt ut, fordelt på tre hovudstipend på 50.000 kroner, og 14 stipend på 15.000 kroner.

Tre unge og vidt forskjellige talent fekk kvart sitt stipend på 50.000 kroner. Dei tre var hiphop-dansar Marie Olsen-Bye frå Dombås, orgelspelar Per Anders Håvelsrud frå Dovre og frikøyrar på ski Johanne Killi frå Dombås.

Dei 14 talenta som kvar fekk tildelt eit stipend på 15.000 kroner var:

  • Julie Garmo frå Garmo (Musikk og teater)

  • Heidrun Israelsen frå Skjåk (Sprang og dressur)

  • Emiel Huijs frå Dovre (Elektronisk musikk – produsering og studioteknikk)

  • Ragna Valde Sletten frå Vågå (Fele)

  • Juni Arnekleiv frå Dovre (Skiskyttar)

  • Espen Barlund Nicolaisen frå Lom (Musikar – trekkspel)

  • Kristoffer Sverdrup frå Dombås (Skiskyttar)

  • Bård Ove Kvalheim Fransson frå Skjåk (Jazzmusikar og komponist)

  • Reidar Aurmo frå Lom (Langrenn)

  • Astrid Garmo frå Garmo (Flatfele og hardingfele)

  • Tormod Weydahl frå Vågå (Terrengsykling)

  • Sofie Huijs frå Dovre (Musikkteater)

  • Anders Haugen frå Skjåk (Rifleskyttar)

  • Mari Eide Lindsheim frå Skjåk (Musikk og song)

Banksjef Unni Strand fortel at utdelinga av talentstipend er lagt inn som ein fast årleg post hjå Sparebank 1 Lom og Skjåk, og at det blir ei ny runde til våren der ungdom kan søke om talentstipendet for 2018.

Marknadsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken og administrerande banksjef Unni Strand delte ut mange stipend. Foto: Tom Erik Solstad