Mannen som hamna i kajakkulukke i Smådøla onsdag kveld er frakta til sjukehus. Tilstanden er kritisk, melder politiet operasjonsleiar, Sidsel Svarstad.

Han er i byrjinga av 20-åra og har lokal tilhøyrsle.

Politiet fekk melding rundt klokka 17:30 onsdag kveld om at ein kajakk hadde gått rundt i Smådøla. Dei meldte om krevjande redningsforhald i den strie elva.

Det var eit privat følgje med fem-seks personar som var på kajakktur. To kajakkar var i vatnet, og fleire personar fylgde langs elva.

Kriseteam er varsla for å ta hand om dei som var til stades.