Det seier Stig Roar Mandal, leiar i Lom idrettslag. Han fortel at fellesleiar Hallgeir Garmo, altså dagleg leiar i både Lom idrettslag og Skjåk idrettslag, har sagt opp.

– Hallgeir og familien skal flytte ut av Ottadalen. Det er synd for idrettslaga, men vi håpar vi skal lykkast i få tak i ein god erstattar. Erfaringane med felles dagleg leiar er svært gode og vi har hatt eit kolossalt godt samarbeid med Hallgeir.

Stillinga som felles leiar i idrettslaga i Lom og Skjåk vil bli lyst ut om ikkje så lenge.

– Da stillinga vart lyst ut for fyrste gong for om lag to år sidan, fekk vi ei mengd gode søkjarar. Vi håpar det same vil skje denne gongen, seier Stig Roar Mandal.

Det lykkast ikkje Fjuken å få tak i Hallgeir Garmo.