Oskar Stenersen i Loar barnehage, Ellen Nyrnes i Loar barnehage og Petter Runningen i Garmo barnehage er klare for påskeferie. Det blir godt med nokre dagar fri frå barnehage, er dei samde om. Men veit dei tre femåringane kvifor vi feirar påske?

– Det er kongen som har bestemt at det skal vera påske, for han bur i eit stort slott og bestemmer alt, seier Petter.

– Ja, og kongen befaler at alle i heile verda skal feire påske, og at påskeharen skal gjeva godteri til alle, supplerer Oskar.

– Til og med i Asia feirar dei påske, seier Ellen, og fortel at sjølv skal ho til Tyskland i påska.

Jesus er død

Dei engasjerte og blide femåringane veit også at påska har noko med Jesus å gjera.

– Jesus døyr kvar gong det er påske. Også vaknar han att så fort påska er over, seier Ellen.

Oskar tykkjer det høyres rart ut at Jesus kan døy fleire gongar.

– Men sjølv om han er gamal, er han eigentleg berre ein baby, seier Oskar.

– Alle dei som drap Jesus gjekk inn i stallen hans og hadde att lokket på kista, konstaterer Petter.

– Jesus-stjerna lyser over stallen, kan Oskar fortelje oss, utan at han har noko svar på kvifor akkurat den stjerna lyser så skarpt som ho gjer.

Påskeharen hoppar høgt

Petter, Oskar og Ellen har alle sett påskeharen, og gler seg til å få godteri.

– Påskeharen er kvit og litt gul. Øyra hans er rosa, og augo er kvite. Han er litt større enn ei mjølkepakke, og kan hoppe høgt. Mykje høgare enn oss menneske, seier Oskar.

– Ja, også har han berre to tenner. Ei tann oppe, og ei tann nede. Eg er ikkje sikker på om han går til tannlegen, seier Ellen.

– Nei, han gjer nok ikkje det sidan han har berre to tenner. For da har ikkje tannlegen noko å gjera i munnen til påskeharen, meiner Petter.

– Men det er viktig at vi pusser tennene våre ekstra godt når det er påske, sidan vi et så mykje godteri, seier Oskar.

– Påskeharen legg egg med sjokolade inni, seier Ellen.

– Men det er ikkje slike små egg ein kjøper på butikken og et til frukost altså, seier Petter.

Han kan dessutan fortelje at påskeharen brukar kostyme.

– Ein blir litt tjukk og feit av å ete mykje godteri, men ein blir sikkert tynn att når påska er over, slår Oskar fast.

Påske og ski

Petter skal gå på ski i påska, noko han likar svært godt.

– Eg skal gå på ski både på skogsvegar og andre vegar, seier han.

Oskar likar ikkje å gå på ski. Han trivst best med sommaren, for da kan han bade.

– Eg går heller ikkje på ski i påska. Det gjer eg berre om vinteren, og når det er påske er det ikkje vinter, seier Ellen.

Ho fortel at ho får lenger påskeferie enn dei andre, sidan ho skal til Tyskland.

– I Tyskland er det påske i 20 dagar. Grunnen til at det er så lenge påske i Tyskland, er at det er så varmt der, og da må dei som bur der ha lenger tid på seg til å kjøle seg ned, seier ho.

– Her i Lom er det påske i åtte dagar, men det er eigentleg nok, seier Oskar.

Petter tykkjer også det er nok med berre nokre dagar påske.

– Det er ikkje bra å eta godteri for mange dagar i strekk, for da kan ein få både vondt i magen og hol i tennene. Dessutan går påskeharen tom for godteri til slutt, og da blir alt berre keitt, seier han.