Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Jonas Odden Berg. Han blir 8 år 8. februar, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

«Oss vil gratulere storfiskar'n Jonas så mykje med dagen 8. februar. Til sommars blir det fleire fisketurer på hytta. Helsing frå Sjur, tante, Stian, Mommo, Bess, oldemor pus og oldemor Bobby. ».

Gratulerer med dagen som var seier vi i Fjuken òg.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.