Pinseflaumen for fire år sidan var større enn ein 500-årsflaum, og tersklane som vart reparert i 2008 fekk meir eller mindre skadar da Finna hadde stor vassføring og mykje stein og grus vart ført ned vassdraget.

Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sendt tiltaksplan for flaumsikring av Finna på høyring.

I planen er det forslag om å reparere eksisterande tersklar til same standard som tidlegare. På ei strekning over 250 meter skal ein høgde forbygginga langs Finna med grov blokkstein over ei strekning på 250 meter. Kostnaden for prosjektet er på 4,6 millionar kroner.

– Vi er positive til at noko skjer i Finna, seier Randi Marit Hølmo, leiar i Nedre Langskåre Vel. I ei uttale til planen kjem vel-foreininga med forslag til andre løysingar enn det NVE presenterer.

Jon Lillebråten seier at dei ynskjer å fjerne dagens rekkverk og støype ein kant som er godt fundamentert og armert i eksisterande flaumsikring. Han ser for seg ei høgde på 70 centimeter over dagens vegbane.

– Denne løysinga blir både solidare og penare å sjå på, seier Lillebråten. Han meiner også at tersklane i elva er for høge og at desse må senkast. Da vil ein unngå store massar som blir liggjande att mellom tersklane ved storflaum.