Det er ein aldri så liten industri som Vågå historielag har dokumentert og teke vare på. Torvstrøhuset på Sandranden vart opna i oktober 2013.

Uttak av torv til torvstrø starta på slutten av 1800-talet og bruken av torvstrøhusa tok stort sett slutt på 1930-talet. Somme dreiv fram til krigen.

Uttaket av torv i myra er godt synleg, med tre kanalar som er cirka 300 meter lange og cirka 7 meter breie. Til saman utgjer arealet cirka 6 dekar.

Om sommaren vart torva spadd opp frå myra og lagt i hesj til tørking. Når torva var tørr var det å bera ho inn i husa.

Om vinteren når det var sledeføre vart torva kjørt til bygda og brukt som strø i bingar, mest til geit og sau. Torva kunne suge opp si eiga vekt tolv gonger.

Eit fotografi frå cirka 1930 viser ein at det er minst tolv torvstrøhus. Langmorkje Almenning og Vågå fjellstyre har gjeve tilskot til arbeidet med å dokumentere historia om torvstrøhusa ved Sandranden.

Onsdag 12. august er det visning av huset og korleis dette vart brukt, der ein får høyre historia om torvstrø og torvstrøhusa ved Sandranden.

Det er 150 meter å gå langs vegen frå parkeringa på Sandranden.