Løyvinga går over tre år, og skal brukast til utvikling av nye publikumsareal, informasjonsløysingar og ny hovudutstilling.

Fylkesutvalet la vekt på at senteret vil styrke formidling av dei kvalitetane Oppland har som det fremste fjellfylket i Noreg, og at det vil bli ein tydeleg portal til opplevingar knytt til fjellet. Vidare la utvalet vekt på at senteret vil bli ein attraksjon i seg sjølv, som truleg vil generere auka besøk til regionen.

– Dette er viktig og avgjerande for utviklinga av Fjellsenteret i Lom, seier Mai Bakken, dagleg leiar ved Norsk fjellmuseum. Ho takkar Oppland fylkeskommune for løyvinga, og seier at både regionen og fjellfylket Oppland fortener ei slik satsing.

– Våre ambisjonar om å ta nasjonale og internasjonale roller som Noreg og Oppland sitt fyrtårn på forvaltning og formidling av fjellet si historie, ressursar og kvalitetar, er styrka.

Det har «ramla» ned mykje pengar til satsinga på Fjellsenteret i Lom dei siste vekene: ein million kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og seks millionar kroner frå Oppland fylkeskommune. Snart skal Lom kommune finne ut kor mykje dei skal bidra med. Norsk fjellmuseum har søkt kommunen om 1,2 millonar kroner i utviklingsstøtte til fase to og tre i utbygginga.