Ein bil køyrde av vegen og hamna på taket på fylkesveg 51, i svingane før Hindsæter måndag kveld.

Det var to personar i bilen. Dei var ute av bilen før naudetatane var på plass.

I følgje operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt er dei to sendt til sjukehuset på Lillehammer for sjekk, men skal ikkje vere alvorleg skadde.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 18.20.